Grefsen Folkesanatorium var eit sanatorium i Kristiania skipa i 1858 som det private kaldvassbadet Grefsen Vandcuranstalt, òg kalla Grefsen Bad.Anne-Berit Prestegård: 150 år siden Grefsen Vandcuranstalt ble anlagt, frå På jakt og vakt nr. 4/2008, digital utgåve Sanatoriet ligg i Kjelsåsveien 49 og 51 på Grefsen i Oslo og er samansett av av fleire bygningar. Alle er kommunalt verna og er eit kulturminne.
Det private badet vart lagt ned i 1898 og same år tok dr. John Fredrik Tank Mjøen over og dreiv staden som eit privat sanatorium for tuberkuløse. Frå 1902 til 1908 var overlege Olaf Tveten leiar og i 1909 tok Kristiania sanitetsforening over og stifta Grefsen Folkesanatorium med 120 sengeplassar. I 1916 fekk sanatoriet eiga avdeling for born med 18 sengar, kapasiteten for dei vart seinare bygd ut til 40.Grefsen sanatorium frå Nasonalt medisinsk museum/Teknisk Museum
Grefsen Folkesanatorium blei drive fram til det vart lagt ned i 1970.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sjukehus i Oslo Kategori:Skipingar i 1858 Kategori:Kulturminne i Oslo