Jethro Tull er ei britisk rockegruppe danna i Luton i Bedfordshire i desember 1967. Musikken deira er karakterisert av song, akustisk gitar og fløyte spelt av Ian Anderson, som har leia bandet sidan starten, og gitararbeidet til Martin Barre, som har vore med bandet sidan 1969, då han erstatta den originale gitaristen Mick Abrahams.
Dei byrja å spele bluesrock med ein eksperimentell smak, men har sidan nytta element av klassisk musikk, folkemusikk, jazz, hardrock og kunstrock i musikken sin.
Dei er eit av dei mestseljande banda i verda og har seld meir enn 60 millionar album verda over i løpet av ein karriere som har vart meir enn førti år.
Historie 1962–68: starten Ian Anderson starta det første bandet sitt, The Blades, i Blackpool i England i 1962. Gruppa bestod av Anderson på vokal og munnspel, Jeffrey Hammond på bass, John Evans på trommer, og ein gitarist kalla anten Hipgrave eller Michael Stephans. Trommeslagar Barrie Barlow vart offisielt medlem i 1963 etter Evans hadde bytta frå trommer til piano. I 1964 hadde bandet utvikla seg til eit sju mann stort blue-eyed soul-band kalla The John Evan Band (seinare The John Evan Smash). På dette tidspunktet hadde Evans korta ned etternamnet sitt til Evan etter forslag frå Hammond, som meinte det høyrdest betre ut og var meir uvanleg.
I 1967 flytta bandet til London-området og slo seg ned i nærleiken av Luton; dei reiste òg til Liverpool. Men dei hadde lite pengar og etter berre få dagar flytta dei fleste i bandet nordover att, og forlét Anderson og bassist Glenn Cornick (som hadde erstatta Hammond). Dei slo seg saman med bluesgitarist Mick Abrahams og venen hans, trommeslagar Clive Bunker, begge frå det Luton-baserte bandet McGregor's Engine. I starten hadde bandet problem med å få spelt på same stad to gonger, så dei starta å byte namn ofte for å få spele kring London. Ofte vart det agentane deira som kom på nye namn, og ein av desse, ein historieinteressert agent, kalla dei Jethro Tull etter agronomen på 1700-talet. Namnet vart hengande ved dei fordi dei nytta dette namnet første gongen ein klubbeigar likte dei godt nok til at dei vart inviterte attende. Dei signerte kontrakt med det oppåtkomande agentfirmaet Ellis-Wright, og vart det tredje bandet som vart styrt av det som kom til å verte Chrysalis. Det var kring denne tida at Anderson kjøpte ei fløyte då han var frustrert over å ikkje klare å spele gitar som Eric Clapton:
«Eg ønskte ikkje å verte endå ein tredjerangsgitarist som høyrdest ut som ein haug andre tredjerangsgitaristar. Eg ønskte å gjere noko som var meir særeige, og byta derfor til eit anna instrument. Då Jethro Tull starta trur eg at eg hadde spelt fløyte kring to veker. Det var ein rask læringskurve...bokstavleg talt kvar kveld når eg gjekk på scenen så var det ein fløyteleksjon.»Newsome, Jim. "Living in the Present." Interview with Ian Anderson, april 23, 2002.
Den første singelen deira, «Sunshine Day», kom ut i 1968. Han var skriven av Abrahams og produsert av Derek Lawrence, og selde dårleg. På den originale britiske MGM-etiketten var namnet på gruppa stava feil, «Jethro Toe», og vart eit samlarobjekt.Jethro Toe – Sunshine Day / Aeroplane
Dei gav ut det første albumet, This Was, i 1968. I tillegg til musikk skriven av Anderson og Abrahams, inneheld albumet den tradisjonelle «Cat's Squirrel», som la vekt på bluesrockstilen til Abrahams. Eit jazz-stykke skriven av Rahsaan Roland Kirk, «Serenade to a Cuckoo», gav Anderson høve til å syne seg fram på fløyte, eit instrument han hadde starta å spele berre eit halvt år før albumet kom ut. Stilen til gruppa vart skildra i Record Mirror av Anderson i 1968 som «ein slags progressiv blues med litt jazz».
Etter albumet forlet Abrahams bandet etter ein krangel med Anderson og danna sitt eige band, Blodwyn Pig. Det var fleire årsaker til at Abrahams slutta: han var ein rein bluesartist, medan Anderson ønskte å spele andre former for musikk; Abrahams ønskte ikkje å reise utanlands eller spele meir enn tre kveldar per veke; eller det var rett og slett ikkje mogeleg for bandet å eksistere med to så viljesterke personar som Anderson og Abrahams som drog i forskjellige retningar.Mick's Bio at Mick Abrahams' official website Abrahams skildra årsaka meir kortfatta: «Eg var lei av alt tullet, og ønskte å danne eit band som Blodwyn Pig.»Rock Gitar Daily blog. [rockgitardaily.blogspot.com/mick-abrahams]
Gitarist Tony Iommi, frå gruppa Earth (som kort tid etter endra namnet sitt til Black Sabbath), spelte gitar ei kort stund etter at Abrahams forlet bandet, og spelte på The Rolling Stones Rock and Roll Circus, der gruppa (utanom vokalen til Anderson, som vart spelt inn live) mima til «A Song For Jeffrey» i desember 1968.
Iommi drog attende til Earth. David O'List (som nettopp hadde forlate the Nice) spelte òg ei kort stund gitar for Jethro Tull og vart rekna som ein mogeleg erstattar for Abrahams, men dette vart aldri noko av.
1969–76: utviklinga av sin eigen stil Etter at dei heldt prøvespelingar for ein ny gitarist i desember 1968, valde Anderson Martin Barre, eit tidlegare medlem av Motivation, Penny Peeps og Gethsemane, som spelte med Noel Redding's Fat Mattress på den tida. Barre var så nervøs på den første prøvespelinga at det var så vidt han klarte å spele i det heile, og møtte så opp ein gong til utan forsterkar eller gitarleidning til forsterkaren. Likevel vart Barre den permanente erstatninga for Abrahams på gitar og den lengstvarande medlemmen i bandet etter Anderson. Ein annan gitarist som prøvespelte for bandet var Steve Howe, som seinare vart gitarist i Yes, men han vart ikkje rekna som god nok.
Denne nye besetninga gav ut Stand Up i 1969 det einaste albumet til gruppa som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. Når ein opna plateomslaget spratt eit bilete av gruppa opp, som ei popup-bok. Albumet vart skrive av Anderson aleine, utanom eit jazzaktig arrangement av J. S. Bach sin Bourrée i E-moll BWV 996 (femte sats) – som dreiv lenger bort frå bluesen og var eit tydeleg teikn på ei ny retning for gruppa, som kom til å bli rekna progressiv rock i lag med grupper som Pink Floyd, King Crimson, Genesis, Camel, The Nice, Gentle Giant og Yes. Eit par månader før innspelinga av albumet spelte dei inn ein av dei mest kjende songane sine, «Living in the Past», som opphavleg berre vart gjeven ut som singel. Trass i den uvanlege 5/4-takten nådde songen tredjeplassen i Storbritannia. Sjølv om dei fleste andre progressive grupper unngjekk å gje ut singlar på denne tida, hadde Jethro Tull vidare suksess med andre singlar som «Sweet Dream» (1969) og «The Witch's Promise» (1970), og ein fem songar lang EP kalla Life Is a Long Song (1971), som alle nådde Topp 20. I 1970 tok dei inn klaverspelar John Evan (først som gjestemusikar) og gav ut albumet Benefit.
I desember 1970, vart bassist Cornick «invitert til å forlate» Jethro Tull av manager Terry Ellis, då han hadde vorte distansert frå dei andre meir tilbaketrekte bandmedlemmane,Glenn Cornick bio at www.j-tull.com og han skapte bandet Wild Turkey. Han vart erstatta av Jeffrey Hammond, barndomsvenen til Anderson og Evan og tidlegare Blades-medlem, og som er nemnd i titlane på songane «A Song for Jeffrey», «Jeffrey Goes to Leicester Square», «For Michael Collins, Jeffrey, and Me» og i teksten til songen «Inside» på Benefit. Hammond vart ofte omtalt på plateomslaga til Jethro Tull som «Jeffrey Hammond-Hammond», ein referanse til at mora òg var fødd Hammond, utan å vere i slekt med faren.
Denne besetninga gav ut det mest kjende verket til Jethro Tull, Aqualung, i 1971. På dette albumet synte tekstane til Anderson sterke meiningar om religion. Songen «Hymn 43» vart gjeven ut som singel og fleire songar på albumet vart mykje spelt på FM-radio med «Aqualung», «Cross-Eyed Mary» og «Locomotive Breath». Aqualung vart det første albumet deira som nådde Topp 10 i USA med ein sjuandeplass i juni 1971.Rock Movers & Shakers by Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
Sidan bandet turnerte særs mykje og det var lite tid til familieliv, forlet trommeslagar Bunker gruppa etter albumet Aqualung og vart erstatta av Barrie Barlow (som fekk namnet «Barriemore» av Anderson) tidleg i 1971. Den første innspelinga til Barlow med bandet var EPen Life Is a Long Song og det første albumet han deltok på var Thick as a Brick frå 1972. Ian Anderson var usamde med kritikarane som hevda at Aqualung hadde vore eit konseptalbum og valde å gje dei «mora av alle konseptalbum», inkludert ein latterleg ide om at teksten var skriven av ein åtte år gammal gut. Albumet bestod av eit enkelt spor som var 43:46 langt (noko som var uhøyrt tidlegare i rockehistoria), delt over to LP-sider, med mange satsar som glei over i kvarandre og med repeterande tema. Den første satsen hadde eit særeige akustisk gitarriff som vart spelt på rockestasjonar på denne tida. Thick as a Brick var det første Tull-albumet som gjekk til topps på den amerikanske Billboard Pop Albums-lista (A Passion Play året etter var det einaste andre). Kvintetten på dette albumet - Anderson, Barre, Evan, Hammond og Barlow – varte fram til slutten av 1975, og var i røynda ei gjenforeining av The Blades, sidan det berre var Barre av dei i bandet som ikkje hadde spelt i The Blades.
mini|venstre|Ian Anderson og Martin Barre i Jethro Tull i Chicago, 1973
I 1972 kom Living in the Past ut, eit dobbelt samlealbum av nymiksa singlar, B-sider og unytta studioopptak, samt heile EPen Life Is a Long Song og konsertopptak frå Carnegie Hall i New York frå 1970. Då albumet kom ut vart singelen «Living in the Past» populær i USA og vart den første singelen deira som gjekk inn på Topp 20 der med ein 11. plass.
I 1973 medan bandet var i skatteeksil prøvde dei å spele inn eit dobbeltalbum i Château d'Hérouville i Frankrike (noko The Rolling Stones og Elton John blant andre gjorde på denne tida), men visstnok var dei så misnøgde med kvaliteten på studioet at dei gav seg med det og kalla studioet «Chateau d'Isaster». Eit 11 minuttar langt klipp frå innspelingane finst i plateboksen 20 Years of Jethro Tull frå 1988, og dei komplette «Chateau d'Isaster Tapes» vart gjevne ut i 1993 på samleplata Nightcap, der dei i ettertid hadde lagt fløyte oppå delane der vokalen mangla. Dei vendte attende til England og Anderson omarbeidde musikken som raskt vart spelt inn og gjeven ut som A Passion Play, nok eit konseptalbum med berre eit enkelt spor. Dei allegoriske tekstane fokuserer på livet etter døden. Som på «Thick as a Brick» nytta bandet instrument på A Passion Play som var heller uvanlege i rockemusikk. Albumet inneheldt òg eit mellomspel kalla «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles», som vart skriven av Anderson og Evan og lese av bassist Hammond. A Passion Play selde godt men fekk generelt dårlege kritikkar, inkludert ei særleg dårleg melding av ei konsertframføring av Chris Welch i Melody Maker.
Sjølv om bandet vart mindre populært hos kritikarane, hadde dei framleis ein sterk tilhengjarskare og det neste albumet deira, War Child frå 1974, selde godt. Opphavleg var det meininga at albumet skulle kome i lag med ein film og det nådde andreplassen på Billboard 200 i USA. Albumet inneheldt radiohittane «Bungle in the Jungle» og «Skating Away (On the Thin Ice of the New Day)». Det inneheld òg ein kort akustisk song, «Only Solitaire», som vert trudd å vere retta mot musikkritikaren i L.A. Times, Robert Hilburn, som skreiv ei hard melding om Passion Play-konserten i Santa Monica Civic Auditorium.Hilburn, Robert. Concert review in the L.A. Times, 24. juli 1973 Andre meldingar av War Child hevdar derimot at songen kom frå dei forkasta «Chateau d'Isaster»-innspelingane frå 1973 (før meldinga til Hilburn), og derfor retta mot musikkritikarar generelt.War Child reviews at amazon.com Med seg på War Child-turneen hadde bandet ein kvinneleg strykekvartett som spelte på nye songar.