mini|Kongsseteren i 1910. Kongsseteren er ein stor tømmervilla på Voksenkollen i Oslo. Han er kongefamilien sin private eigedom og vart gjeven i gåve frå det norske folket til Kong Haakon og dronning Maud då kongeparet vart krona i 1906.

Gåva vart finansiert ved ei innsamlingsaksjon og stod ferdig i 1911. Bygningen er teikna av arkitekt Kristian Biong, som vann ein utlyst arkitektkonkurranse med sitt prosjekt «Slot over Slot».Oslo byleksikon, side 312

Eigedomen vert i hovudsak nytta om vinteren, og kongefamilien feirar gjerne jul her.Kongsseteren frå Kongehuset.no (Vitja 21. januar 2013)

Kjelder

Bakgrunnsstoff Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7

Kategori:Byggverk i Oslo kategori:Bydel Vestre Aker Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Det norske kongehuset Kategori:Kongebustader