Eidanger kyrkje er ei langkyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark.

Kyrkja vart oppført omkring midten av 1100-talet. Ho var då om lag 13,5 meter lang med tjukke steinvegger. I 1787 vart skipet forlenga vestover med ein tømra del. I 1852 vart resten av kyrkja kledd med tre og måla kvit. Kyrkja vart restaurert i 1920–21 og 1970-åra, og i 1981 fekk ho nytt sakristi. Terje Grøstad laga ein god del nytt inventar til kyrkja i 1991.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Porsgrunn bibliotek

Porsgrunn kyrkjelige fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Porsgrunn Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Porsgrunn Kategori:Valkyrkjer i 1814