Luksefjell kyrkje, tidlegare Luksefjell kapell, er ei langkyrkje frå 1858 i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja er oppført på grunn gitt av Løvenskiold-familien, som, eigde Fossum jernverk og store delar av skogen i området. Kyrkja fekk nytt tårn i 1873. Det vart òg pussa opp under krigen og fekk innlagd elektrisitet i 1948. På 1960-talet vart taket tekka med kopar.
Kyrkja og kyrkjegarden er idyllisk plassert ved nordbreidda av Fjellvannet. Kyrkjegarden gjekk i si tid ned til vatnet, men rundt 1900 vart det demt opp, og kyrkjegarden vart lagd lengre opp.
Kjelder
Skien kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Gamle Gjerpen
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Skien Kategori:1858 i Noreg