Solum kyrkje er ei langkyrkje frå 1766 i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen. I 1830-åra bles tårnet ned, og nytt og lågare tårn vart oppført i 1833. Det var gjort høgre i 1902 og endra til den opphavlege framtoninga i 1959. Interiøret vart måla over og endra i 1896, og i 1957–59 vart kyrkja restaurert etter planar av Ragnar Nilsen.
Altartavla har eit bilete av Kristi himmelfart som er kopiert etter eit bilete i Helligaandskirken i København måla Hendrik Krock. På galleriet er den såkalla Løvenskioldstolen, ein lukka stol som prestefamilien tok over då Løvenskioldfamilien flytta frå staden.
Bilete frå kyrkja
Kjelder
Skien kyrkjelege fellesråd
Referanse
Bakgrunnsstoff Solumkirkene
Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1760-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Skien Kategori:Valkyrkjer i 1814