Titran kapell er ei åttekantkyrkje i Frøya kommune i Trøndelag.
Det var kyrkje på staden på 1400-talet, men ho vart lagd ned på 1770-talet. I 1873 vart det oppført eit åttekanta bedehus som dannar kjernen i det noverande kapellet. I 1912 vart bedehuset utvida med våpenhus i vest og kor og sakristi i aust. Det vart innvigd den 12. desember same året.
Kyrkjegarden ved kapellet er lagd ned, men det finst ein nyare kyrkjegard nokre hundre meter unna. Framfor kapellet står eit minnesmerke over Titranulukka i 1899.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Historier.no
mini|venstre|Titran kyrkjegard
Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Kyrkjer i Frøya Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Frøya Kategori:1873 i Noreg