Alfred Bester () var ein amerikansk science fiction-forfattar.Internet Speculative Fiction Database om Alfred Bester Blant dei mest kjente verka hans er romanen The Demolished Man frå 1953. Verket gav han den første Hugo-prisen som blei delt ut.The Hugo Awards si nettside om utdelingane i 1953
På norsk føreligg romanen The Stars My Destination (1956) som Mannen som ikke ville dø i omsetjing av Tor Edvin Dahl på Gyldendal Norsk Forlag i 1973. Dessutan er novella «They don't make life like they used to» omsett til «Siste par ut» for antologien Østenfor sol (Bokklubben 1969) og «Fondly Fahrenheit» til «Herlige Celsius» for antologien Jeg - en maskin (Gyldendal Norsk Forlag 1973).
Radioteatret sendte i 1981 ei dramatisering av The Demolished Man i form av høyrespelet Demolisjon.Krimarkivet B-versjon på NRK sine nettsider Stykket var omsett og regissert av Nils Nordberg, og hadde blant andre Kai Remlov, Lise Fjeldstad og Sossen Krogh på rollelista.
Referanser
Kategori:USA-amerikanske romanforfattarar Kategori:USA-amerikanske novelleforfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar