Lynx Rocks er ei gruppe skjer sørvest i Hero Bay på nordsida av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Blythe Bay.
Skjera er kalla opp etter den australske selfangstskuta «Lynx» under kaptein Richard Siddons som vitja Sør-Shetland i 1820-21 og 1821–22, og som overvintra på Falklandsøyane i 1821.
mini|venstre|Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.
Lynx Rocks ligg 5,5 km vest for Siddons Point, 3,97 km nord-nordaust for Kuklen Point, 6,63 km aust for Agüero Point, 10,41 km søraust for Black Point og 6,03 km sørvest for Chapman Rocks.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lynx Rocks» frå , den 30. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Klippeformasjonar på Livingston Island