Kåre Gulbrand Kristiansen () var ein norsk politikar for Kristeleg folkeparti (KrF). Han var ein markant politikar i nærare 40 år. Han la vekt på kristendom, samarbeid og framhjelp av staten Israel, abortmotstand og norsk medlemskap i EU.

Kristiansen stod mellom anna sentralt i gjennomføringa av folketrygda i 1967, då han var statssekretær i Sosialdepartementet for Egil Aarvik.

Han vart av mange oppfatta som ein representant for høgresida i partiet. I 1989 trekte han seg som stortingsrepresentant. Grunngjevinga var at KrF hadde fjerna seg frå sin gamle kurs.

Kristiansen var motstandar av fjerninga av israelske busetjarar frå Gazastripa.

Yrkeskarriere

Kristiansen starta yrkeskarrieren som telegrafist i Noregs Statsbaner i 1941. Han avanserte til å verta jernbanedirektør 1968-1970, driftsdirektør 1970–1989 og spesialrådgjevar 1989-1990.

Politisk karriere

Statssekretær i Sosialdepartementet 1965-1968.

Stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (Oslo) 1973-1977 og 1981-1989.

Formann i utanriks- og konstitusjonskomiteen på Stortinget 1981-1983

Statsråd med ansvar for Olje- og energidepartementet i Regjeringa Willoch 1983—1986

Medlem av Nesodden kommunestyre og formannskap 1951-1967 og 1991-1995.

Formann i Kristeleg Folkeparti 1975-1977 og 1979-1983. Etter ein intern partistrid om mellom anna samarbeidet med Høgre, vart han i 1983 pressa til å trekkja seg frå vervet som partileiar. Han byta verv med Kjell Magne Bondevik.

Andre sentrale verv Medlem av Nobelkomiteen 1990—1994. Kristiansen gjekk ut av komiteen i protest mot at Yasir Arafat vart tildelt Nobels Fredspris.

Bibliografi Kåre Kristiansen: Når sant skal sies: På politikkens hovedspor og sidelinjer gjennom 50 år, Oslo 1989. ISBN 82-516-1282-9, ISBN 82-520-3126-9 Kåre Kristiansen: Stå på, Kåre K.!, Oslo 1990 ISBN 82-516-1351-5

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Willoch Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Borten Kategori:Statssekretærar frå KrF Kategori:Leiarar for Kristeleg Folkeparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Lokalpolitikarar i Nesodden Kategori:KrF-politikarar i Akershus Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:Norske abortmotstandarar Kategori:Folk frå Nesodden Kategori:Folk frå Bergen