Marina Charlotte Kalla () er ein svensk langrennar frå Tärendö i Pajala kommun. Ho vart olympisk meister på 10 km fristil under vinter-OL i Vancouver i 2010. I 2008 vann ho ski-tevlinga Tour de Ski og vart tildelt Jerring-prisen, medan ho og Ida Ingemarsdotter i 2011 vart verdsmeistrar i vekslingstafetten under VM i Oslo.

Aktiv I februar 2007 gjorde Kalla sin VM-debut i Sapporo i Japan. Der kom ho på sjuandeplass på 15 km. Ho fylgde opp med ein femteplass på 10 km fristil og vart dermed på ny beste svenske deltakar.

Sitt store internasjonale gjennombrot fekk Kalla då ho vann Tour de Ski 2007/08 framom finske Virpi Kuitunen. I verdscupen 2007/08 enda ho på fjerdeplass. Ho vart tildelt Jerring-prisen for 2008 og var ein av hovudkandidatane til å få Svenska Dagbladet si gullmedalje.

Sesongen 2008/09 vann Kalla verdscuppremieren i Gällivare. Føre Tour de Ski 2008/09 vart ho forkjølt og mista dermed sjansen til å forsvare meistertittelen. I ski-VM 2009 i Liberec tok ho på sisteetappen det svenske stafettlaget frå sjetteplass til bronse. Hennar fremste individuelle plassering vart ein sjuandeplass i sprint-tevlinga, etter to fall i semifinalen.

Under dei olympiske vinterleikane 2010 vann Kalla gullmedaljen på 10 km fristil. Fire dagar seinare vart ho nummer åtte på 15 km. Kalla tok så ein sølvmedalje saman med Anna Haag i team-sprinten. I den avsluttande tevlinga i 30 km klassisk stil kom Kalla på sjetteplass, knapt 18 sekundar etter bronsevinnaren Aino-Kaisa Saarinen frå Finland.

Kalla vart nummer fire på 15 km under ski-VM 2011 i Oslo. I same meisterskapen gjekk ho Sverige inn til gullmedalje i team-sprinten, saman med Ida Ingemarsdotter. Dei same to langrennarane tok sølvmedalje i same øvinga under ski-VM 2013 i Val di Fiemme, og dei gjekk begge på Sverige sitt lag i 4x5 km stafett, også der kom dei på sølvplass. Kallas beste individuelle prestasjon i verdsmeisterskapen var ein sjetteplass på 15 km.

På opningsdistansen 15 km under vinter-OL 2014 i Sotsji, kjempa ho på oppløpet om gullmedaljen i øvinga, men måtte gje tapt for Marit Bjørgen og fekk dermed OL-sølv.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charlotte Kalla» frå , den 1. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2022