Allen Rocks er nokre små, men markante klipper 4 km aust-nordaust for Slattery Peak i Kyle Hills på Ross Island. Klippene består av ein nunatak i midten og konturen av denne minnar om bokstaven 'A'. Ein låg rygg ligg rundt nesten heile nunataken utanom i sør. Gruppa vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names i 2000 etter Robert J. Allen frå U.S. Antarctic Resource Center i US Geological Survey (USGS) i Reston i Virginia, ein kartograf og ekspert på flyfotografi i Antarktis, som var tett involvert i kartlegginga til USGS av kontinentet, 1950–2000.
Kjelder
Kategori:Klippeformasjonar i Ross Dependency Kategori:Geografi på Ross Island