Gravenoire Rock er eit lite klippeframspring kring 2 km søraust for Rock X, som skyt fram oppom kystisen ved austsida av Victor Bay i Antarktis. Det vart fotografert frå lufta i U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47, kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen, 1952–53 og fekk dette namnet av dei fordi det likna på Gravenoire, ein puy eller kuppelforma ås oppom byen Clermont-Ferrand, som ligg i rekkja av utdøydde vulkanar i Monts d'Auvergne sentralt i Frankrike.

Kjelder

Kategori:Klippeformasjonar i Wilkes Land