mini|Kyrkje i Sergijev Posad Den gylne sirkelen i Russland (russisk Золотое кольцо России, Zolotoje koltso Rossii) er ei nemning på ei gruppe av russiske mellomalderbyar i området nord for Moskva. Her kan ein på eit relativt lite område vitja mange historiske byar med arkitektoniske skattar frå den russiske mellomalderen som kyrkjer, kloster og festningar. Kva byar som vert nemnde som del av den gylne sirkelen varierer, men omfattar iallfall Pereslavl-Zalesskij, Rostov, Jaroslavl, Kostroma, Ivanovo, Suzdal, Vladimir, Rybinsk, Uglitsj og Sergijev Posad. Moskva sjølv vert òg av og til rekna med. mini|venstre|Kyrkje i Suzdal

Opphav I 1967 reiste kunsthistorikaren og journalisten Jurij Bytsjkov gjennom byane i Vladimir oblast for å skriva ein serie reiseartiklar. Den siste byen han vitja var Jaroslavl, så ruten hans tok form av ein sirkel. Seinare publiserte han reisedokumenta sine under tittelen «Den gyldne sirkelen»."About Golden Ring Route, Russia" (English), Mark Van-Anderson, 12.05.2020.

Byer som inngår i gylne sirkelen er: Aleksandrov Bogoljubovo Gorokhovets Gus-Khrustalnyj Ivanovo Jurjev-Polskij Jaroslavl Kaljazin Kidjeksja Kostroma Moskva Murom Palekh Pereslavl-Zalesskij Pljes Rostov Velikij Sergijev Posad Suzdal Tutajev Uglitsj Vladimir

Kjelder

Gylne sirkelen i Russland