Inge Bryhni () er ein norsk geolog, og førstekonservator ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo på Tøyen i Oslo.
Etter oppveksten i ytre Romsdal studerte han geologi ved Universitetet i Bergen (cand.real., 1958) og University of California, Berkeley. Han vart i 1962 tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Oslo, og vart i 1967 førstekonservator ved Mineralogisk-geologisk museum på Tøyen, der han i 2012 er konservator emeritus. Opp gjennom åra gjorde han flere undersøkingar av berggrunn i store delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Han har vore ofte på NRK med eigne seriar, skrive fleire populærvitskaplege framstillingar og vore fagansvarleg ved Store Norske Leksikon med følgjande fagområde: Geologi generelt, geologiske prosessar og strukturar, geologisk tidsrekning, sedimentologi, petroleumsgeologi. For formidlinga si vart han i 1984 tildelt NAVF sin pris på 25 000 kroner for populærvitskapleg forfattarskap, og i 2011 tildelt Toffenprisen frå Norsk geologisk forening.
Steinparken på Bud i Romsdal er etablert av han. Han har òg utarbeidd nettleksikonet Geoleksi.
Bibliografi
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inge Bryhni» frå , den 8. februar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Norske geologar Kategori:Tilsette ved Universitetet i Oslo kategori:Folk frå Fræna Kategori:Fagansvarlege i Store norske leksikon Kategori:Norske sakprosaforfattarar