Hjartdal kyrkje er ei krosskyrkje i Hjartdal kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Halvor Høgkasin etter same skjema som tre kyrkjer teikna av Jarand Rønjom (Åmotsdal kyrkje, Vinje kyrkje og Rauland kyrkje). Som i dei andre kyrkjene er det kor med preikestolaltar i austre krossarm, slik at sjølve kyrkjerommet er T-forma. Kyrkja vart teken i bruk i 1809, men vart ikkje formelt innvigd før 12. juli 1812. Kyrkjerommet fekk eit nygotisk preg i 1888, men vart restaurert i 1940–41. Då vart mykje av det umåla inventaret rekonstruert. Kyrkja fekk altarbilete måla av Terje Grøstad samt nytt Snertingdal-harmonium til 150-årsjubileet i 1962. Det siste vart bytta ut med eit Spigseth-orgel i 2000.
Aust for kyrkja står eit kombinert bårehus og servicebygg.
Kjelder Arven nr. 2/2012 (kyrkjelydsblad for Hjartdal, eige nummer i samband med 200-årsjubileet)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Hjartdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1810-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Hjartdal Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:1812 i Noreg