Bautasteinar i Sogn og Fjordane er eit oversyn over bautasteinar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Bautastein på Austrheim Bautastein i Gloppen kommune med jarnalder-helleristningar datert til kring år 400 e.Kr., overgangen mellom romartid og folkevandringstid. Eikenes, Arne (2002) frå Kulturhistorisk Leksikon: Bautasteinen på Austrheim Bautastein på Ytrehornsnakken Denne bautaen i Hornindal kommune vart i høve grunnlovsjubileet 1914 reist til minne om ein gamal veteplass på Ytrehornsnakken.Tomasgard, Paul O. (2001) frå Kulturhistorisk leksikon: Ytrehornsnakken - og bautaen der Bautastein ved Fresvik kyrkje Ved kyrkja i Fresvik står ein bautastein som vart reist 17. mai 1913 til minne om dei ti frå bygda som kjempa i krigen mot svenskane i 1807-1814.Sæbø, Arne Inge (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen ved Fresvik kyrkje Bautastein på Balahaugen 18. mai 1887 vart det reist ein bautastein ved bjørka på den gamle gravhaugen på Balahaugen i Balestrand.Urtegaard, Gunnar (1999) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen på Balahaugen Bautastein i Kleppeneset Denne bautasteinen skal ha vorte reist av Ingolf Arnarson før han utvandra til Island.Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Stadnamndatabasen Bautastein på Antonshogen Bautasteinen på Antonshogen i Instedalen står ved vegen til Svorstølen. Steinen vart reist i 1914 til minne om to brør som var med i krigen mot Sverige i åra 1807-1814: Anders Andersson, fødd 1788, som fall, og broren Simon (1790-1886) som kom heim att og tok over heimegarden.Lunde, Harald Jar (2001) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen på Antonshogen Bautastein på Furebøen (gamal tingstad) På Furebøen i Angedalen finn ein Førde kommune sin einaste bautastein. Denne er om lag 2,5 meter og er om lag 1500 år gamal Bautastein over Stårheimsætta Like ved kyrkja på Stårheim står ein høg bautastein reist til minne om folk og ætter som bygde og budde på Stårheim i Mellomalderen og fostra kongsemne og riksstyrar. Dei to meste kjende av dei er dronning Ingrid gift med lendmannen Arne frå Stårheim og bisp Nikolas Arneson, ein av sønene deira.Kleppa, Hermund (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bauta over Stårheimsætta Bautastein på Indre Hamre Hamre var ein av storgardane på Leikanger i gamal tid og ein finn mange gravhaugar og gravfunn her.NRK sogn og Fjordnane, Fylkesleksikon: Gravhaugar for storfolk på Hamre Bautastein på Indrehus På Indrehus på nordsida av Midtgulen i Bremanger kommune står ein bautastein tett attmed riksvegen. Bautastein over Lærdalske lette infanteri-kompagni På Øyramarki på Lærdalsøyri står ein 6 meter høg bautastein, reist i 1902 til minne om ei militæravdeling i ufredsåra 1807-1814. Øyramarki var ekserserplass til 1874. Vegnamna Telthusvegen, Løytnant Lem-vegen og Kaptein Jürgensen-vegen er minne om militærtida på Lærdalsøyri.Kleppa, Hermund (2000) Bautastein over Lærdalske lette infanteri-kompagni Bautastein på Nybø Bautasteinen på Nybø frå jernalderen (500 f. Kr. - 1050 e.Kr) står nedmed sjøen eit kort stykke vest for bygningane i Fylkesmannsgarden. Han vart flytta to gonger på 1900-talet i samband med vegbygging. I 1941 vart det grave ut fleire jernalder-graver i området rundt bautasteinen.Kleppa, Hermund (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautasteinen på Nybø Kyrkjebautaen på Bakken i Hyen I 1950 reiste Hyen sokneråd ein stein til minne om den gamle mellomalderkyrkja og den gamle kyrkjestaden på Bakken i Hope, Hyen.Heimset, Magnar (2002), Kulturhistorisk leksikon: Kyrkjebautaen på Bakken i Hyen Bautastein frå Nornes på Sogn Folkemuseum På Nornes i Sogndal kommune stod det lenge fleire eldgamle bautasteinar. Biskop Neumann nemner tre fyrst på 1800-talet. I.C. Dahl festa ein til lerretet i 1827, og ein er i dag å sjå på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Kleppa, Hermund (2003) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautastein frå Nornes på Sogn Folkemuseum Bautastein i Holmedal Sommaren 1999 berga Harald Bakke i Holmedal ein bautastein frå å hamna på djupna. Steinen hadde lege i fjøresteinane og år for år kome lenger og lenger ut mot brådjupet. Eitt år seinare vart steinen sett opp attmed to gravhaugar som ligg nedmed sjøen på garden Bakke.Kleppa, Hermund (2000) frå Kulturhistorisk leksikon: Bautastein i Holmedal

Kjelder

Kategori:Kulturminne i Noreg Kategori:kultur i Sogn og Fjordane Kategori:Bautasteinar