Berit Mørdre (), frå 1969 nokre år gift Berit Mørdre Lammedal, var ein norsk langrennsløpar frå Nes i Akershus. Ho vart olympisk meister på 3 x 5 km stafett med Noreg i 1968, og tok sølvmedaljen på 10 km i same vinterleikane. Mørdre representerte Romerikslaget og dominerte norsk kvinnelangrenn i ein tiårsperiode frå midt på 1960-talet.

Karriere Mørdre debuterte i NM på ski i 1964 og vart nummer ni på 10 km. Året etter vart ho norsk meister på distansen og tok bronsemedaljen på 5 km. Fram til og med 1974 vann ho den eine eller begge dei individuelle langrenns-tevlingane i NM-løypene, med unnatak for 1972. Ho vart elles dobbeltmeister i 1967, 1973 og 1974. Perioden mellom 1965 og 1974 vann ho 14 norske meisterskap, i tillegg til tre sølvmedaljar og tre bronsar.

Mørdre deltok for Noreg under ski-VM i Oslo 1966 og vart beste norske kvinnelege løpar med tiandeplass på 5 km og ellevteplass på 10 km. I 3 x 5 km stafett gjekk ho ankeretappen, der ho med ein sterk spurt slo Sverige og Toini Gustafsson i kampen om sølvmedaljen. Saman med Ingrid Wigernæs og Inger Aufles sørgde ho dermed for ein mykje overraskande medalje for Noreg, den aller fyrste som norske kvinner tok i internasjonalt langrenn.

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble overraska Mørdre stort med å ta sølvmedaljen på opningsdistansen 10 km, men slått med over eitt minutt av svenske Toini Gustafsson. Tre dagar seinare stod ho og lagvenninnene Inger Aufles og Babben Enger Damon for den største bragd norske kvinnelege langrennarar hadde gjort til dess, då dei vann 3 x 5 km stafett.

Etter ein fjerdeplass for dei norske stafettkvinnene i ski-VM 1970, gjekk Inger Aufles, Aslaug Dahl og Berit Mørdre Lammedal inn til OL-bronse på 3 x 5 km stafett i Sapporo i 1972. Individuelt i Sapporo-leikane vart ho nummer sju på 5 km. To år seinare gjekk ho sine siste VM-løp og vart beste norske deltakar på 5 km med ein sjetteplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap mini|Gullvinnarane i 3 x 5 km stafett under OL 1968, frå venstre Inger Aufles, Babben Enger Damon og Berit Mørdre. Ski-VM 1966 i Oslo: Nr 10 på 5 km, sølvmedalje på stafetten Vinter-OL 1968 i Grenoble: Sølvmedalje på 10 km, gullmedalje på stafetten Ski-VM 1970 i Štrbské Pleso : Nr 9 på 5 km, nr 4 på stafetten Vinter-OL 1972 i Sapporo: Nr 7 på 5 km. Bronsemedalje på stafetten. Ski-VM 1974 i Falun: Nr 6 på 10 km

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1964: Nr 9 på 10 km på Furnes Ski-NM 1965: Gullmedalje på 10 km og bronsemedalje på 5 km på Fåberg Ski-NM 1966: Gullmedalje på 5 km og bronsemedalje på 10 km på Hernes Ski-NM 1967: Gullmedalje på både 5 km og 10 km i Skorovatn Ski-NM 1968: Gullmedalje på 5 km og sølvmedalje på 10 km i Bærum Ski-NM 1969: Gullmedalje på 10 km og sølvmedalje på 5 km i Alvdal Ski-NM 1970: Gullmedalje på 10 km i Meldal Ski-NM 1971: Gullmedalje på både 5 km og 10 km på Fåberg Ski-NM 1972: Sølvmedalje på 10 km og bronsemedalje på 5 km i Tydal Ski-NM 1973: Gullmedalje på 5 km på Fåberg og gullmedalje på 10 km på Lillehammer Ski-NM 1974: Gullmedalje på både 5 km og 10 km i Selbu Ski-NM 1975: Bronsemedalje på 5 km i Flatebygd Ski-NM 1976: Bronsemedalje på 5 km i Surnadal Ski-NM 1977: Nr 5 på 10 km på Røros Ski-NM 1978: Nr 9 på 20 km på Konnerud

Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1971.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske politifolk Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Folk frå Nes