mini|Politikaren Synnøve Solbakken. Synnøve og Synøve er norske kvinnenamn avleia av det engelske namnet Sunniva, frå gammalengelsk Sunngifu, der sunn tyder 'sol' og gifu 'gåve'.
Synnøve og det avleia namnet Synne har namnedag 8. juli, etter minnedagen til den heilage Sunniva.
Bruk Namna spreidde seg i Noreg på grunn av den heilage Sunniva som døydde på Selja på 900-talet. Dei har vore brukt i Noreg sidan om lag år 1000, og har spreidd seg til resten av Norden og er i bruk på Færøyane, Island og i Sverige, Danmark og Finland. Norske variantar av namnet er Sunni, Synne, Synnev, Synnøv, Sønnev og Sønnøv. Svenske variantar er Sönni, Sönne og Sönneva.
Det er om lag norske kvinner som heiter Synnøve eller Synøve, som heiter Synne, og som heiter Sunniva.(SSB 2005) Den siste, eldre utgåva av namnet er teke opp att sidan slutten av 1960-talet og fekk ein enorm popularitet som toppa seg rundt år 2000.
Kjende namneberarar Synnøve Matre (f. 1951), norsk språkforskar Synnøve Solbakken (f. 1957), norsk lokalpolitikar Synnøve Svabø, norsk underhaldar Sunniva Gylver, norsk prest Sunniva Stordal, norsk supermodell Synnøve Riste (1858-1889), norsk redaktør, målkvinne og kvinneforkjempar
Bakgrunnsstoff
Variantar av Sunniva på nordicnames.de Kjelder Spørjekassa om namn ved uio.no
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Namn knytte til sola Kategori:Førenamn av gammalengelsk opphav