mini|Jeff Goldblum om lag 1985. mini|Jeff Goldblum i filmfestivalen i Toronto i 2007. Jeffrey Lynn «Jeff» Goldblum () er ein amerikansk skodespelar som har spelt på teater, fjernsyn og film. Han har spelt fleire gonger på Broadway og vore Oscar- og Emmy-nominert.

Goldblum voks opp i West Homestead i Pennsylvania, ein forstad til Pittsburgh. Faren var lege og mora arbeidde i radio før ho seinare grunnla eit selskap som selde kjøkkenutstyr. Familien var ortodokse jødar.

17 år gammal flytta Jeff Goldblum til New York for å bli skodespelar. Han fekk opplæring av Sanford Meisner ved teaterskulen Neighborhood Playhouse og debuterte på Broadway i Shakespeare-stykket The Two Gentlemen of Verona. Goldblum filmdebuterte med ein mindre rolle i Death Wish, regissert av Charles Bronson, i 1974.

Goldblum har vore gift to gonger, først med Patricia Gaul frå 1980 til 1986, seinare med skodespelarkollegaen Geena Davis, som han også spelte saman med i tre filmar.

Utvalde filmar Death Wish (1974) Annie Hall (1977) Silverado (1985) The Fly (1986) Earth Girls Are Easy (1988) Jurassic Park (1993) Independence Day (1996) The Lost World: Jurassic Park (1997) The Prince of Egypt (1998)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jeff Goldblum» frå , den 14. desember 2008.

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Pittsburgh