Algae Lake er ei smal, svingande innsjø, som er 17 km lang og mellom 400 meter og 2 km brei, og som strekkjer seg frå aust til vest i dei isfrie Bunger Hills i Antarktis. Han vart først kartlagt frå flyfoto tekne av U.S. Navy sin Operasjon Highjump i 1946–47 og namngjeve «Algaefjorden» av Advisory Committee on Antarctic Names på grunn av algar i vatnet, som vart rapporterte av Operasjon Highjump og som skapte forskjellige fargar i vatnet. Seinare undersøkingar under Den sovjetiske antarktisekspedisjonens (1956–57) avslørte at «fjorden» var ein innsjø.

Kjelder

Kategori:Innsjøar i Queen Mary Land