Scuttle Valley er ein liten isfri dal med innsjøar av smeltevatn som ligg parallelt til og like sør for Towlebreen i Convoy Range i Victoria Land. Den nedre delen av dalen ligg nordaust for Elkhorn Ridge og er skild frå Towlebreen av ein dolerittrygg på sida av Towlebreen 80 m oppom dalbotnen. Dalen vart vitja av Victoria University of Wellington Antarctic Expedition (VUWAE), 1976–77, leia av Christopher J. Burgess. Namnet kom frå at det vart oppdaga ein fallskjerm og eit forlate flydropp i nærleiken.
Kjelder
Kategori:Dalar i Victoria Land Kategori:Scott Coast