Bentley Subglacial Trench er ei omfattande grop under isen i Marie Byrd Land i Vest-Antarktis. Ho ligg 2555 meter under havnivå og er det lågaste punktet på jordoverflata som ikkje er dekt av havet, sjølv om ho er dekt av is.Central Intelligence Agency, The World Factbook Folk flest reknar ikkje dette som det lågastliggande punktet på jorda, sidan det omfattande isdekket i røydna gjer gropa til underjordisk. I tillegg ville området ha lagt under vatn om isen smelta. Gropa dekkjer eit område som er omtrent like stort som Mexico.

Gropa vart namngjeven i 1961 etter Charles R. Bentley som var ein geofysikar som leia fleire forskingsekspedisjonar i Vest-Antarktis i 1957-59 som førte til oppdaginga av gropa.MapPlant

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bentley Subglacial Trench» frå , den 27. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kjelder Central Intelligence Agency, World Factbook. Henta 28. oktober 2008. MapPlanet, , Henta 28. oktober 2008.

Sjå òg Geografiske ytterpunkt i Antarktis Geografiske ytterpunkt i verda Vestfold Hills Den vestantarktiske rifta Jakobshavn Isbræ

Kategori:Senkingar Kategori:Dalar i Marie Byrd Land