Josef av Portugal () var konge av Portugal frå 1750 til 1777.

Josef (José) var den tredje sonen til Johan V av Portugal og Maria Anna av Austerrike (1683–1754). Han blei gift med Mariana Victoria av Spania i 1729.

I 1750, då han var 36, blei Josef konge av Portugal. Josef regjerte aldri sjølv, men overlét politikken til Sebastião José de Carvalho e Melo, markien av Pombal.History of Portugal: Pamphlet Collection. CUP Archive, 1937. Henta i september 2012 for Engelsk Wikipedia. Etter jordskjelvet i Lisboa i 1755 fekk han klaustrofobi og slo seg ned i ein teltby i Ajuda. Kongen blei rekna for å vera psykisk sjuk i 1774, og kona hans blei regent. Tre år seinare døydde han, og dottera Maria blei dronning saman med ektemannen Peter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Joseph I of Portugal» frå , den 27. februar 2014.

Kategori:Portugisiske regentar Kategori:Portugisiske kongelege Kategori:Portugisarar frå 1700-talet