«Dar kjem dampen» er eit dikt skrive av døvepresten Ragnvald Hammer i 1953. I 1963 vart visesongaren Ivar Medaas landskjent då han sette tone til dette diktet. Medaas gav han ut på singlen Nor-Disc NOR 83. «Dar kjem dampen» er ei hyllest til dampskipet «DS Oster» som gjekk i rutetrafikk mellom Bergen og strilelandet frå 1906 til 1964. Songen er skrive på strilamål, talemålet til strilane.

Fyrste vers i songen lyder: Ve' Bryggja i Bergen dar ligg dar ein båt so blånkpust å fin at han lyse, me' sjikkelæ maste å pipa me' låt, å månge slags vare han hyse.

Ref.: Dar kjem dampen gamle dampen tak på deg triskona å spring Dar kjem dampen gamle dampen plingelingelingelingeling

Bakgrunnsstoff Songteksten til Dar kjem dampen oster.no

Kategori:Norske dikt Kategori:Norske songar Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Strilar Kategori:Ivar Medaas