Björneborg (finsk Pori) er ein kommune og by attmed osen av Kumo elv i Bottenhavet på vestkysten av Finland. Det er den ellevte største byen i landet med om lag 83 000 innbyggjarar. Björneborg vart grunnlagd av den svenske kongen Johan III i 1558. Då hadde byen rett til utanrikshandel og hadde eit blømande næringsliv. Ved den industrielle utviklinga flytte mange folk frå distriktet til byen, som etter kvart vart einspråkleg finsk.
Den 1. januar 2010 vart Norrmark kommune slegen saman med Björneborg.
Venskapsbyar
Sundsvall i Sverige, 1940 Sønderborg i Danmark, 1952 Porsgrunn i Noreg, 1956 Riga i Latvia, 1964 Bremerhaven i Tyskland, 1967 Stralsund i Tyskland, 1968 Eger i Ungarn, 1973 Kołobrzeg i Polen, 1977 Mâcon i Frankrike, 1990
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Björneborg» frå , den 2. mars 2014.
Kategori:Byar i Finland Kategori:Busetnader grunnlagde i 1558 Kategori:Kommunar i Satakunta