Hatch Plain er ei lita slette dekt med avsetningar 1350 meter over havet, aust i Du Toit Nunataks i Read Mountains i Shackletonkjeda i Antarktis. Han vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967 og kartlagt av British Antarctic Survey i 1968–71. I samband med at stader i området vart namngjevne etter geologar, vart han namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1971 etter Frederick H. Hatch (1864–1932), ein britisk geolog som skreiv mykje brukte lærebøker om vulkansk og sedimentær petrologi.

Kjelder

Kategori:Sletter i Antarktis Kategori:Geografi i Coats Land