Eugene «Gene» Curran Kelly () var ein amerikansk filmskodespelar, dansar, songar og filmregissør. Filmdebuten hans var mot Judy Garland i 1942 i For Me and My Gal. Dansen og musikalfilmane hans var noko nytt innan filmmusikal-sjangeren. I 1945 vart han nominert til Oscar for beste skodespelar for rolla si i filmen Anchors Aweigh. I ettertid er han truleg best kjend for rolla si i Singin' in the Rain frå 1952.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske dansarar Kategori:Folk frå Pittsburgh Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Døde av hjerneslag