Dragons Lair Névé er ein firn som dekkjer kring 65 km2 i Hays Mountains, og grensar til Mount Griffith, Mount Pulitzer, Taylor Ridge og Vaughanbreen. Han vart kartlagt av United States Geological Survey frå landmålingar og flyfotografi tekne av U.S. Navy i 1960–64. I løpet av november 1987 var firnen leirstaden til geologgruppa frå United States Antarctic Research Program – Arizona State University, som føreslo namnet. Namnet kjem frå plasseringa, kringsett av fjelltoppar, og frå Mount Pulitzer ser området ut som ein drake.
Kjelder
Kategori:Snømarker i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast