Amal Aden () er pseudonymet til ein kvinneleg norsk-somalisk forfattar, føredragshaldar og samfunnsdebattant. Ho har vore fast spaltist i Dag og Tid sidan 2013.
Bakgrunn
Amal Aden er fødd i Somalia. I ei av bøkene sine fortel ho om oppveksten sin i heimlandet, der ho levde som gatebarn. Ho kom til Noreg i 1996 som flyktning, men opplevde at norske instansar som barnevernet ikkje makta å hjelpa henne. Etter ei stund hamna ho i rusmiljøet i Oslo og har også levd på gata i byen.
I 2008 debuterte Amal Aden som forfattar med Se oss - bekymringsmelding fra en norsksomalisk kvinne. Ho har seinare skrive mykje om korleis det er å leva som innvandrar i Noreg, om integrering, likestilling og rettane til homofile, særleg homofile innvandrarar.
Forfattaren er sjølv open om at ho er lesbisk og har måtta tola å bli trua for meiningane sine. Etter at ho deltok på homoparaden i Oslo, vakna ho til 146 drapstruslar på telefonsvararen ifølgje henne sjølv.Aftenposten.no, 08.11.13: Jeg ble slått ned av somaliske kvinner. Forfattar: Olga Stokke og Hanne Brønmo. Vitja 08.03.14
Bøker
2008: Se oss - bekymringsmelding fra en norsksomalisk kvinne 2009: ABC i integrering. 111 gode råd om hvordan alle kan bli fullverdige borgere av det norske samfunnet 2009: Min drøm om frihet 2011: Det skal merkes at de gråter – Om likestilling blant somaliere i Norge 2012: Om håpet glipper er alt tapt. Homofile flyktninger.
Prisar og utmerkingar
2010: Zola-prisen 2010: Buskerud fylkeskommunes likestillingspris 2011: Sentralstyret i YS sin likestillingspris 2012: Lesbetoppen av Gaysir 2012: Amnesty-prisen
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Nordmenn av somalisk opphav Kategori:Norske forfattarar