Even Evensen () var ein norskembetsmann og stortingsmann, fødd og død i Drammen.
Evensen var son til ein arbeidar. Sjølv vart han student i 1849 og cand.jur. allereie to år etter. Han arbeidde som kopist i Justisdepartementet og var så nokre år fullmektig ved sorenskrivar- og byfutkontor. Konstituert byfut i Kristiansand i seks år, deretter overrettsakførar i byen frå 1860. I 1868 skifta Evensen beite då han vart utnemnd til fut og sorenskrivar i Tana. Få år seinare vart han byfut i Skien, der han ei tid var fungerande amtmann i Bratsbergs amt. Han avslutta arbeidslivet med å vere byfut i fødebyen Drammen frå 1884 heilt fram til 1907.
Evensen vart vald til fyrste representant for Finmarkens amt til Stortinget 1871-73 og seinare også for den neste treårsbolken. I den fyrste treårsperioden var han medlem av vegkomiteen, samt sekretær i Odelstinget. Han heldt fram i vegkomiteen også i den andre perioden, men var då sekretær i Stortinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Drammen