Thomas Natvig () var ein norsk skipper, hamnefut og stortingsmann frå Kristiansand.

Natvig var son til ein koffardiskipper som døydde i krigsfangenskap i England. Han vart sjølv sjømann, og var skipper til 1843. I 1841 førte han barken «Ledaal» til Batavia, og skal ha vore den fyrste skipperen som viste det norske flagget i Ostindia.

År 1843 flytta Natvig til Stavanger, der han var navigasjonslærar til dess han i 1852 fekk ei stilling i tollverket. Allereie året etter vart han hamnefut og losoldermann i Stavanger, frå 1855 også innrulleringsbetjent.

Natvig var valmann frå 1847 til -73. Sjølv representerte han Stavanger på Stortinget 1851, 1857, det overordentlege Storting 1858 og 1859-60-tinget. I alle stortingssesjonane var han medlem av næringskomite nr 2, frå 1857 var han også medlem av Lagtinget. I 1856 og 1861 var Natvig medlem av kongelege kommisjonar som handsama høvesvis styrmannseksamenen og loslova.

I Stavanger er Thomas Natvig heidra med Losoldermann Natvigs vei som ligg på Kampen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Folk frå Stavanger