mini|Handkolorert bilde av hovding Little Wound og familie. Siouxfolk er ei større gruppe nordamerikanske urfolk. Dei tala opphavleg ulike språk kalla siouxspråk, men talar no gjerne engelsk eller fransk. Siouxfolk er knytte til dei store slettene (Great Plains) i USA og Canada, no omfatta av Nord- og Sør-Dakota, Nebraska, Minnesota, Montana, Manitoba og sørlege Saskatchewan. Siouxar kan delast inn i tre hovudgrupper ut frå språklege og kulturelle likskapar: Santee, yankton-yanktonai og lakota.
Fleire stammar med tette band og gjensidig forståelege språk danna Den store siouxnasjonen (The Great Sioux Nation), kalla Oceti Sakowin, 'dei sju rådsbåla' av dei sjølv. Namnet «sioux» er avleidd av fransk nadousioux som igjen kom frå ojibwa na dou esse, 'fiendar' eller 'ormeaktige'. Ojibwafolk og siouxar låg ikkje uventa i strid.
Siouxfolk er på mange måtar «typiske indianarar» frå utanforståande framstillingar, som Hollywood-filmar, teikneseriar og liknande, i form av ridande krigarar med fjørpryd busette i tipiar. Siouxar deltok i det kjende Slaget ved Little Bighorn og døydde i Wounded Knee-massakren i 1890. Kjende siouxar frå koloniseringstida var Sitting Bull, Crazy Horse og Red Cloud.
Kjelder
Guy Gibbon, «Sioux», Encyclopedia of the Great Plains Judith M. Wilson, «The Sioux Tipi», Guinness Cultural Studies Publishing
Denne artikkelen bygger på «Sioux» frå , den 25. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
«Sioux», Encyclopedia of the Great Plains "Sioux," Countries and Their Cultures Myths And Legends Of The Sioux
kategori:Urfolk i USA kategori:Urfolk i Canada kategori:Nord-Dakota kategori:Sør-Dakota kategori:Nebraska kategori:Minnesota kategori:Montana kategori:Manitoba kategori:Saskatchewan