Homssjøen (arabisk بحيرة حمص), òg kalla Qattinahsjøen (arabisk بحيرة قطينة) er ein innsjø nær Homs i Syria, som får vatn frå Orontes. Innsjøen ligg 15 km frå byen Homs, og dekkjer eit område på 60 kvadratkilometer. Innsjøen er kjend for å innehalde mykje fisk. EIn av hovudkanalane, som er 60 km lang, gjev drikkevatn til Homs, og eit heilt nettverk av kanalar gjev kunstig vatning til kring 200 kvadratkilometer land.
Breidda av innsjøen er bratt i stader og ganske uframkommgeleg. Det går ikkje veg heile vegen rundt. Demninga som held vatnet inne og mykje av tilhøyrande anlegg har blitt forsterka og utvida i nyare år.
Innsjøen er kunstig og er skapt av Homsdammen i nordenden. Demninga er eit ingeniørmessig meisterverk frå antikken og vart bygd av romarane. Frå reservoaret gjekk det på denne tida eit nettverk av kanalar til området rundt.Dumper, 2007, p.171.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Homs» frå , den 26. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Litteratur
Homs Kategori:Homs