Honndalstausene er ei norsk folkemusikkgruppe frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Gruppa har gjeve ut fleire plater, og blei nominert til Spellemannprisen i 1989. Same år fekk gruppa Fylkeskulturprisen av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei kan og syne til gode resultat frå Landskappleiken. Honndalstausene er sett saman av sju kvinner, som alle kjem frå Hornindal. «Honndal» er dialektuttrykk for «Hornindal», medan «taus» er dialektuttrykk for 'kvinne'.

Fyrste gong Honndalstausene spelte saman var på ein distriktskappleik i 1983. Gruppa har spelt konsertar i Noreg og utlandet, og dei har opptredd på TV og radio ved fleire høve. Under OL på Lillehammer i 1994 spelte dei saman med Sissel Kyrkjebø.

Honndalstausene speler norsk folkemusikk med fokus på runddans og gamaldans. Alle medlemmane i gruppa spelar fele, men når dei spelar live har dei med seg gjestemusikarar som spelar instrument som trekkspel, gitar og kontrabass.

Medlemmar Synnøve Hjellbakk Hole (f. 1963), i dag busett i Hellesylt Gunn Sølvi Gausemel (f. 1963), i dag busett i Bærum Gunnhild Sindre (f. 1964), i dag busett i Stryn Marianne Tomasgård (f. 1966), i dag busett i Ski Bente Tomasgård Storbakken (f. 1965), i dag busett i Krokstadelva Tone Lien Dyrkorn (f. 1965), i dag busett i Oslo Torunn Raftevold Rue (f, 1964), i dag busett i Flatdal

Musikarar på plateutgjevingane Arne Sigurd Haugen (gitar) Martin Thue (kontrabass) Emil Kroken (trekkspill) Arne Sandum (kontrabass) Tore Løvgreen (trekkspill) Sven Nyhus (produsent)

Diskografi Gamle Nordfjord (Heilo, 2008) Frie former (Heilo, 2000) Strengeleik (Norsk Plateproduksjon, 1992) Honndalstausene (Heilo, 1988)

Kjelder

Denne artikkelen er tufta på Honndalstausene frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2014

Bakgrunnsstoff Heimeside NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon Profil på folkemusikk.no

Kategori:Hornindal kommune Kategori:Kultur i Sogn og Fjordane Kategori:Norske folkemusikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1983