MS «Bruvik» er eit passasjerskip levert frå Glommen Mekaniske Verksted A/S ved Fredrikstad som gjekk i fjordafart i Nordhordland i 30 år. Seinare har det vorte nytta som turistskip.

Historie MS «Bruvik» vart bygd i 1949 av Glommens mek. Verksted, Fredrikstad for Indre Nordhordlands Dampbåtlag L/L. I 1974 skifta selskapet som drifta «Bruvik» namn til Bergen-Nordhordland Rutelag. I 1979 vart fartøyet selt til Finland som turistskip. Det vart bygd om i 1989 som restaurant-skip og fekk dessutan sauna installert. I 1994 vart skipet kjøpt tilbake til Hordaland som «Gamle Bruvik» av det nye Indre Nordhordland Dampbåtlag a/s, eit selskap som bruker båten som turistbåt for det meste i Hordaland, men og elles på Vestlandet. I 2018 kjøpte Cruise-Service A/S skipet, og driv frå basen i Langevåg i Møre og Romsdal. Det vert leigd ut til arrangement og offentlege turar.

Skipet Skipet vart bygd som ein lokalrutebåt av sjøbuss-type som trafikkerte ruter i Nordhordland. Ved levering var tonnasjen til skipet 291 bruttoregistertonn. Hovudmotoren er ein sekssylindra Callesen dieselmotor med oppgjeven ytelse på 810 hestekrefter (bhp), noko som gir ein marsjfart på 16 knop. MS «Bruvik» var sertifisert for 280 passasjerar i lokalfart, men er no redusert til 153.

Bakgrunnsstoff http://www.ms-bruvik.no/ bruvikbygda.no Heimesida til bygda Bruvik http://www.bergenfjordtur.no/

Kategori:veteranbåtar Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:BNR-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1949 Kategori:Norske passasjerskip