Bental (arabisk جبل الغرام, Jabal al-Gharam, 'Lystfjellet' eller جبل بنطل, Jabal Bental; hebraisk הר בנטל, Har Bental) er ein sovande vulkan nordaust i Golanhøgdene. Det har ei høgd på 1 171 meter over havet.

Geologi Fjellet er ein del av ei rekkje sovande vulkanar langs austsida av Golanhøgdene som Ramfjellet i nord og endar ved Tal Saki i sør. Fjellet ligg nord for Avital og dei deler same vulkanske lavakjelde. Bental vart danna i eit vulkanutbrot som danna ei vulkankjegle av vulkansk oske.

Fjellet Bental er dekt av palestinaeik og på toppen ligg ein skanse for Det israelske forsvaret som vart bygd på ein eldre syrisk skanse. Fjellet har god oversyn over dei syriske landområda Hermon og Golanhøgdene.

Den israelske busetjinga Merom Golan ligg ved foten av fjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Bental/Tal Al-Gharam» frå , den 30. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Golanhøgdene Kategori:Fjell i Syria