Gangtok er delstatshovudstad i Sikkim, nordaust i India. Han har eit folketal på rundt 50 000. Byen ligg om lag 1 780 moh. Det offisielle språket her er nepali, men innbyggjarar talar også engelsk, hindi og fleire lokale språk.
miniatyr|venstre|Whitehall, regjeringsbygningen i Gangtok
Den viktigaste næringsvegen i Gangtok er turisme, med naturen rundt Himalayafjella, buddhistiske heilagdommar og dei ulike lokale kulturane som viktige trekkplaster. Byen har mellom anna eit tibetologisk museum. Høgsesong for turistnæringa er april-juni og september-november. Vintertemperaturen ligg rundt nullpunktet, medan han varierer mellom 13 og 21 grader om sommaren.
Bakgrunnsstoff
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gangtok» frå , den 31. mars 2014.
Kategori:Byar i Sikkim Kategori:Sikkim Kategori:Indiske delstatshovudstader