Mount Wilhelm (kuman Enduwa Kombuglu) er det høgaste fjellet på Papua Ny-Guinea og i heile Oseania med ei høgd på 4 509 meter over havet. Det er ein del av fjellkjeda Bismarckfjella på øya Ny-Guinea, og ligg ved møtestaden til dei tre papuanske provinsane Simbu, Western Highlands og Madang.

Fjellet kan klatrast utan spesialutstyr, men turen tek fleire dagar og kan vera hard, ikkje minst på grunn av høgda. Fjellet er vanlegvis omgjeve av skyer, slik at ein berre ser det, eller har utsyn frå det, tidleg om morgonen.

Kjelder *«Mount Wilhelm Climb» , PNG Trekking Adventures «The Mt Wilhelm Trek» , bestofpng.com «Mount Wilhelm» (31. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 2. april 2014. Denne artikkelen bygger på «Wilhelm (berg)» frå , og «Mount Wilhelm» frå den 2. april 2014.

Bakgrunnsstoff

«Adventures in Papua New Guinea: Port Moresby, Mt. Wilhelm and the Highlands». Reiseskildring ved untappedcities.com.

Kategori:Fjell på Papua Ny-Guinea Kategori:Høgaste punkt Kategori:Fjell i Oseania