As-Suwayda guvernement ( ) er det sørlegaste av dei fjorten guvernementa i Syria. Det har eit areal på 5 550 km² og dannar ein del av den historiske regionen Hawran. Hovudstaden og den største byen er as-Suwayda.

Geografisk omfattar guvernementet nesten heile Jabal al-Druze, den austlege delen av Lejah, og ein del av den tørre, austlege steppa Harrat Ash Shamah.

Demografi og folkesetnad I 2013 hadde guvernementet ein folkesetnad på kring 566 000 innbyggjarar. Det er det einaste guvernementet i Syria som har ein drusar-majoritet.Country Data Page on Syria Her bur òg ein større austleg-ortodoks minoritet, og eit lite muslimsk samfunn.

Dei fleste innbyggjarane bur vest i guvernementet, særleg vest i Jabal ad-Duruz. Berre dei nomadiske beduin-stammenen lever i det ufruktbare området i Harrat Ash Shamah.

Inndelingar

Guvernementet er delt inn i 3 distrikt (manatiq): As-Suwayda Salkhad Shahba'

Desse er vidare delt inn i ni underdistrikt (nawahi).

Byar og landsbyar

Guvernementet inneheld tre byar, 124 landsbyar og 36 grender.Statistikk frå http://www.cbssyr.org/aindex.htm

Byar As-Suwayda Salkhad Shahba

Landsbyar Al-Ajailat Al-Ghariyah Al-Kefr Ariqah Dama Lahetha Murduk Qanawat

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «As-Suwayda Governorate» frå , den 4. april 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Den fruktbare halvmånen Kategori:Guvernement i Syria