Aksishjort, axishjort eller chital (Axis axis) er eit partåa klauvdyr i hjortefamilien frå Sør-Asia. Arten er ein liten hjortetype med ei mankehøgd på rundt 90 cm. Pelsen er lysande branngul spetta med kvite prikkar. Aksishjort har eit greina gevir som kan bli opptil 1 meter langt.
Hjorten er svært sosial og lever i flokkar som kan omfatta over 100 dyr. Han lever i store delar av Sør-Asia, både i låglandet og i høgareliggjande område. Arten akklimatiserer seg raskt til å leva på nye stader, og har derfor vore mykje sett ut i dyreparkar og reservat over store delar av verda.
Kjelder
«Aksishjort» (5. februar 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. april 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:hjortefamilien Kategori:hjortedyr Kategori:Dyr på Sri Lanka Kategori:Dyr i Bangladesh Kategori:Dyr i Nepal Kategori:Dyr i India Kategori:Pattedyr i Asia