Eit fosfat er eit salt eller ein ester av fosforsyre (H3PO4). Fosfat er eit naudsynt plantenæringsstoff.Mangelsjukdomar og andre ernæringsforstyrringar hos kulturplanter: årsaker, symptom, rådgjerder; Ivar Aasen; Landbruksforlaget I alt liv er fosfat naudsynt, som del av DNA og RNA og som den energiberande delen av ATP-molekyla. Meir enn fjerdedelen av beina til ryggradsdyr er fosfat.Smil, Vaclav: «Phosphorus in the Environment: Natural Flows and Human Interferences» i Annual Review of Energy and Environment 25 2000

Kjemiske eigenskapar Grunnforma til fosfat er eit ion samansett av eit fosfor-atom og fire oksygen-atom (PO43-). Vekta er 94,97 gram per mol. Fosfationet er den konjugerte basen til hydrogenfosfat (HPO42-), som atter er den konjugerte basen til dihydrogenfosfat (H2PO4-), atter den konjugerte basen til fosforsyre (H3PO4). Alle dei nemnte fosfat-formene er å finna i vatn. Kva form fosfatet ligg på kjem an på pH-en i vatnet.

Kjelder

Kategori:Funksjonelle grupper Kategori:Organofosfat Kategori:Fosforhaldige oksoanion Kategori:Esterar