Jacob Svendsen () var ein norsk hamnefut og stortingsmann frå Høvåg i Aust-Agder.

Jacob Svendsen var frå garden Holte i Høvåg. Faren var gardbrukar og sjømann. Sonen tok også til som sjømann og tok styrmannseksamen. Han dreiv sjømannsyrket i fleire år, budde fyrste tida på farsgarden før han busette seg i Lillesand og tok til med trelasthandel. I 1859 vart han tilsett som losoldermann og hamnefut i Lillesand, året etter vart han i tillegg innrulleringsbetjent.

Svendsen var medlem av Lillesand bystyre frå 1857 til 1892, 36 samfulle år. Han var også forlikskommissær og hadde mange fleire verv. År 1862-63 var han 3. representant frå Nedenes amt på Stortinget, møtte også på det overordentlege storting 1864. Ved stortingsvala i 1864 og 1870 nådde han ikkje heilt opp, men var 2. og 1. varamann frå amtet. Perioden 1874-76 var han på ny stortingsmann for amtet. I 1862-63 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han i 1874-76 høyrde heime i tollkomiteen.

Han døydde i Lillesand straks etter han hadde runda 70 år.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Lokalpolitikarar i Lillesand Kategori:Folk frå Lillesand