DS «Hardangeren» var eit dampskip bygd av Bergen Mekaniske Verksted AS for reiarlaget Interessentskabet Hardangeren og levert juli 1869.
Skipet var det første skipet i flåten til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) og var i HSD si eige frå 1880 til 1950. Ho gjekk i diverse ruter fram til like etter krigen. Då fekk HSD nye ruteskip og DS «Hardangeren» fungerte som reserveskip til det vart seld i 1950 til A/S Sildefiskernes Exportlag i Bergen og omdøypt «Harda». Alt året etter, i 1951 vart skipet levert til opphogging.
I 1884 vart skipet forlenga og ny motor på 250 iHK vart sett inn i 1889. I 1896 vart skipet igjen ombygd, no til 226 brt.
Under første verdskrigen vart skipet rekvirert to gonger av Bergensavdelinga i den norske marinen. I 1924 vart det sett inn ny maskin i båten på 225 iHK.
Kjelder Skipet.no
Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:Norske dampskip Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1869 Kategori:Skip sluttsegla i 1951 Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:1869 i Noreg