Aragonitt (av Aragón og -itt) er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral som mellom anna finst i leier saman med gips, i vulkanske område saman med svovel og som avsetning frå varme kjelder, og dessutan i oksidasjonssona i malmførekomstar. I norske bergartar er aragonitt særs sjeldan. Det opptrer som bestanddel i skalet hos mange sjødyr som korallar, blekksprutar, i mange muslingar og sniglar, i perler og dessutan i nokre kalkalgar.
Aragonitt er eit kalsiumkarbonat, CaCO3, som er polymorft og kan opptre i tre modifikasjonar: aragonitt, kalsitt og vateritt. Med tida vil aragonitt gå over i kalsitt som er den stabile og difor minst løyselege forma. Følgjande mineral er isomorfe med aragonitt: strontianitt SrCO3; witheritt BaCO3; cerussitt PbCO3. Dei krystalliserer alle rombisk, men krystallane er ofte pseudoheksagonale på grunn av tvillingdanning.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
kategori:Kalsiummineral kategori:Karbonatmineral kategori:Grottemineral kategori:Aragonittgruppa kategori:Ortorombiske mineral