Al-Sanamayn (arabisk الصنمين, òg skrive Sanamein, Sanamain, Sunamein) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement og senter i al-Sanamayn-distriktet. Han ligg 55 kilometer nord for Daraa og 50 kilometer sør for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Shams i nordvest, Deir al-Bukht i nord, Jabab i nordaust, Bassir i aust, Tubna i søraust, Inkhil i sørvest og Qayta i vest.Sanamayn Map. Mapcarta. Kart over al-Sanamayn og stader i nærleiken.

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sanamayn eit folketal på 26 268 i 2004. I tillegg til å vere senter i al-Sanamayn-distriktet, er byen òg det adminstrative senteret og den nest største byen i al-Sanamayn nahiyah («underdistrikt») som består av 16 busetnader med eit samla folketal på 113 316 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. Innbyggjarane i byen består hovudsakleg av sunnimuslimar.Yassin-Kassab, Robin. After all this bloodshed, there is no going back for Syria. The Guardian. 2011-06-16. Al-Sanamayn ligg 640 meter over havet.

Historie Romartida Namnet al-Sanamayn er arabisk for «Dei to idola.» Han har blitt identifisert som den romerske landsbyen Aere,Butcher, 2003, s. 237.Porter, 1858, s. 535.Nelles Guide, s. 56. ein stasjon nemnt i Itinerarium Antonini på vegen mellom Damaskus i nord og Nawa i sør. Eit tempel i al-Sanamayn er tileigna Tyche, den greske gudinna for lykke, og er datert til 191 fvt. Eit anna var tilsynelatande tileigna den romerske varianten av gudinna, Fortuna, som var sentralt i statskulten til Bosra. Dette er datert frå tidleg til midten av 200-talet fvt. under regjeringstida til keisar Septimius Severus. Ein inskripsjon frå Batanea frå regjeringstida til den romerske keisaren Julian den fråfalne på midten til seint på 300-talet vart oppdaga i al-Sanamayn.Satre, 2005, s. 209.

Islamsk mellomalder Ein fredsavtale mellom Baldwin I, krossfarar-kongen av Jerusalem, og Toghtekin, den muslimske herskaren i Damaskus vart signert ved al-Sanamayn i 1111.Shatzmiller, 1993, s. 204. Avtalen vart signert etter ein krossfararhær følgde muslimske styrkar til Lejah vart overrumpla og kringsett ved al-Sanamayn.Gibb, s. 113. I desember 1168 samla Imad ad-Din Zengid ein hær ved al-Sanamayn for å sette i gang eit åtak mot Egypt for å hindre dei mistenkte ambisjonane om sjølvstende til Fatimid-vesiren Shirkuh, som opphavleg vart send til Egypt av Imad ad-Din Zengids for å hundre ein krossfararinvasjon. Imad ad-Din Zengid sultan Nur al-Din gav kvar soldat 20 dinarar før dei vart sende av stad.Burns, 2005, s. 159.

Staden vart vitja av ein syrisk mellomaldergeograf, Yaqut al-Hamawi i 1220-åra under Ajjubide-dynastiet, og han merka seg «ein by i Hauran, to marsjarar frå Damaskus.»le Strange, 1890, s. 530-531. Frå Mellomalderen til i dag vart tempelet dedisert til Tyche nytta som moske. I dag er han òg ein av dei best bevarte romarbygningane i Syria.

Den osmanske tida Som i andre byar langs hajj-ruta (den muslimske pilegrimsruta til Mekka), bygde den osmanske sultan Selim I ei festning i al-Sanamayn tidleg på 1500-talet. Lokale janitsarar vart sett i garnison i festninga i al-Sanamayn i motsetnad til Muzayrib i nærleiken, som vart bemanna av keisaren sine soldatar.Peters, 1994, s. 154. I 1596 vart byen i osmanske skattelister kalla Sanamayn og var ein del av nahiya Bani Kilab i Qadaen Hauran. Han hadde ein fullstendig muslimsk folkesetnad og bestod av 80 hushald og 37 ungkarar. Skatane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikuber, og ei vassmølle.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 209.

Midt på 1800-talet skreiv oppdagaren Josias Leslie Porter at ruinane av eit par tempel låg i byen og at den mest «slåande bygningen» var eit tempel i korintisk stil med ornament av kalkstein, som hadde blitt omgjort til ei kristen kyrkje. I tillegg skreiv han at det var restar av fleire store og vakre bygg, og at somme av husa er i den beste hauranske arkitekturstil. Omtrent på same tida vart det av Royal Geographic Society skrive at al-Sanamayn var ein fullstendig muslimsk by med kring 60 hus og ein inngang markert av store basaltiske steinblokker.Royal Geographic Society, s. 335. Han høyrer til ein tyrkisk familie kalla Kawwas-oghlu som heldt leirplassar mellom byen og Khan Dannun i nord. Al-Sanamayn var godt forsynt med vatn.Royal Geographic Society, s. 337.

Moderne tid Mot slutten av andre verdskrigen hadde dei frie franske styrkane hovudkvarter i al-Sanamayn. Syria vart styrt av det franske mandatet på den tida.Michie, 1942, s. 82.

Al-Sanamayn vart av dei første byane som starta massedemonstrasjonar mot regjeringa til Bashar al-Assad den 18. mars 2011, i lag med andre byar i Hauran som Daraa, Inkhil, Jasim og Da'el. I følgje opposisjonsaktivistar skaut ikkje tryggingsstyrkane mot demonstrantane denne dagen.Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01. Den 25. mars vart likevel 20 demonstrantar skotne og drepne av regjeringsstyrkaneetter at ein statue av president Hafez al-Assad, far til den noverande presidenten, vart sett i brann.Protests in Syria: Road to Damaskus. The Economist. 2011-03-26. Ein aktivist i Damaskus hevda at fleire demonstrantar - så mange som 20 i følgje somme vitne - vart drepne under eit forsøk på å marsjere mot Daraa for å syne solidaritet før dei vart angripne av tryggingsstyrkar. Frå regjeringa vart det hevda at ei væpna gruppe gjekk til åtak på hovudkvarteret til den syriske hæren i al-Sanamayn.Troops open fire as protests explode across Syria. USA Today. Originally published by Associated Press. 2011-03-25. Den 18. september vart ein elleve år gammal gut visstnok skogen i hovudet av tryggingsstyrkar under ein boikott av studentar i al-Sanamayn den første skuledagen i 2011-2012.Child shot dead i Syria protests. UPI. United Press International, Inc. 2011-09-18.

Den 11. april 2013 vart byen gjenerobra av den syriske hæren. Lokale opprørarar kontrollerte likevel delar av byen. Al-Sanamayn blei storma av den syriske hæren i ein offensiv i Daraa i mars 2020. Etter dette inngjekk fleire opprørarar forlik eller blei tvinga i utlegd til opprørsterritorium i Nordvest-Syria.

Etter at Assad-regimet fall oppstod det spenning i byen mellom folk som var lojale til det tidlegare regimet og dei nye makthavarane. Det oppstod samanstøyt i byen i januar og mars 2025.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Al-Sanamayn» frå , den 15. april 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Burns, Ross. Bilete av romartempelet i al-Sanamayn. Monuments of Syria.

Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Al-Sanamayn-distriktet