Inger Lise Gjørv () var ein norsk politikar og fylkesmann frå Oslo. Ho representerte Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget i 16 år.
Inger Lise Strand var lækjardotter, utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo 1962. Ho var adjunkt ved Steinkjer gymnas 1963-77 og kulturkonsulent i Nord-Trøndelag fylke 1976–1981. Politisk engasjerte ho seg på 1970-talet aktivt mot norsk medlemskap i EF, seinare var ho aktiv i fredsrørsla og kampanjar mot atombomba.
Gjørv vart vald på inn på Stortinget for Nord-Trøndelag i 1977, ho var den fyrste kvinna som representerte fylket på Stortinget. Sidan vart ho attvald ved dei tre påfylgjande stortingsvala. I den fyrste fireårsperioden var ho medlem i Administrasjonskomiteen, deretter i to periodar, 1981-85 og 1985–89, var ho medlem i Energi- og industrikomiteen. Den siste fireårsbolken, 1989-93, var ho president i Odelstinget, dessutan var ho medlem av Justiskomiteen og av dei mindre viktige komiteane Fullmaktskomiteen og Valkomiteen.
Ho gjekk ut av Stortinget hausten 1993 og vart då fylkesmann i Nord-Trøndelag, ei stilling ho var utnemnd til allereie i 1991. Gjørv vart verande fylkesmann til ho runda 70 år i 2008. Ho var gift til garden Gjørv i Inderøy og budde der til sin siste sjukdom.
Kjelder Stortinget.no – Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Inderøy Kategori:Fylkesmenn i Nord-Trøndelag