Joachim Paycken () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, fødd i Kristiansand.

Paycken var son til ein kjøpmann i Kristiansand. Sjølv var han ei tid kateket og klokkar i Risør. I 1797 gifta han seg med kjøpmannsenka Johanne Penne og tok sjølv til som kjøpmann i Risør, ei verksemd han dreiv til han døydde.

Paycken representerte valkrinsen Kragerø og Risør på Stortinget på dei ordnære tingsamlingane i 1821 og 1827, samt på omframtstortinga 1822 og 1828. I 1821 var han medlem av seks komitear, derimellom sekretær i komiteen om svensk-norsk kyrkje i London. I 1827 var Paycken medlem av komiteen om kjøpstadskatten.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Folk frå Risør