«Use Me» er ein song skriven og spelt inn av Bill Withers og gjeven ut i 1972 på albumet Still Bill. Han var den nest største hitten i USA, og kom ut i september 1972, og nådde seinare andreplassen på Billboard Hot 100. Songen selde til gullplate.

Innhald Songaren klagar over råda han får av venene sine, som verkar å heile tida prøve å snakke songaren ut av romantiske forhold der dei meiner songaren vert «brukt». Men songaren er ikkje i tvil om at han vil halde fram slik tinga er og indikerer at nyt å verte «brukt».

Til slutt, medan songen tonar ut, innrømmer songaren: «it aint too bad the way you're using me, 'cause I sure am using you to do the things you do».

Bruk i populærkulturen Songen er nytta som bakgrunnsmusikken Alice Eve set på i filmen She's Out of My League, for ein klinescene på sofaen. Han vart nytta i filmen Anchorman: The Legend of Ron Burgundy når hovudrolla møter ei jente på ein fest. Han vart nytta i filmen Any Given Sunday når Dennis Quaid si rolle kjem attende som quarterback for the Sharks. Han vert nytta i den første episoden av HBO-serien The Wire og vert spelt i den første scenen til Orlando's. Han vart nytta i American Beauty og på filmmusikkalbumet som følgde. Han vart nytta i 1997 i filmen Boogie Nights.

Andre versjonar Mange andre artistar har spelt inn songen, som:

Widespread Panic Aaron Neville Fiona Apple Better Than Ezra Slash's Blues Ball D'Angelo Hootie & the Blowfish The House Jacks Eran James Esther Phillips Al Jarreau Grace Jones, i 1981 på albumet Nightclubbing

Isaac Hayes Jim White Kimiko Kasai Tenth Avenue North Raw Stylus Liza Minnelli, i 1973 på albumet The Singer Holly Golightly Lindsay Mac My Brightest Diamond Walter "Wolfman" Washington Rick Braun from "Kisses in the Rain» (2001) Junior Wells

Fred Wesley & The J.B.'s Som ein duett mellom Mick Jagger og Lenny Kravitz Som ein duett mellom Alicia Keys og Rob Thomas Ben Harper Zoobombs Rockapella Omar UGK

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Use Me (Bill Withers song)» frå , den 3. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Bill Withers-songar Kategori:Songar skrivne av Bill Withers Kategori:Liza Minnelli-songar Kategori:Scott Walker-songar Kategori:Aaron Neville-songar Kategori:Mick Jagger-songar Kategori:Lenny Kravitz-songar Kategori:Al Jarreau-songar Kategori:Grace Jones-songar Kategori:Isaac Hayes-songar Kategori:Alicia Keys-songar Kategori:Ben Harper-songar