mini|Georg Joseph Vogler
Georg Joseph Vogler, også Abbé Vogler eller Abt Vogler (), var ein tysk komponist, organist, kapellmeister, prest, musikkpedagog og musikkteoretikar.
Liv Vogler var fødd i Würzburg og studerte rettslære og teologi i Bamberg. 22 år gammal blei han kapellan ved hoffet til kurfyrsten av Mannheim. Fyrsten hjelpte han med musikkstudium i Italia, der Vogler studerte under Francesco Antonio Vallotti og andre. I 1775 blei han prestevigd i Roma og vende deretter tilbake til Mannheim. Her bearbeida han mellom anna Messias av Händel, og oppførte verket i 1777/1778.
I dei påfølgjade åra oppheldt Vogler seg i Paris, der han var ansvarleg for operaoppføringar. I 1784 kom han tilbake til Mannheim som kapellmeister sjølv om kurfyrsten Karl Theodor i mellomtida var flytta til München. I 1786 blei Vogler hovkapellmästare og hoffkomponist ved hoffet til kong Gustav III i Stockholm. Ei av oppgåvene var å gje tronfølgjaren musikkundervising; med enkelte avbrot gjorde Vogler dette fram til 1799. Arbeidskontrakten gav han fri halve året, og i feriane gjorde han omfattande reiser i Europa. Seinare oppheldt han seg to år i Praha og fire år i Wien. Først i 1807 tok Vogler ei fast stilling igjen, denne gongen som hoffkapellmeister i Darmstadt. Her døydde han sju år seinare.
Virke mini|Voglersche Tonkreis Vogler var en produktiv komponist som skreiv symfoniar, operaer, syngespel, ballettar, messer, salmar, rekviem, te deumar, kantatar, motettar, orgelverk og scenemusikk. Orgelverka er mest talrike, med omtrent 150 preludium.
Som musikkpedagog utmerka Vogler seg ved å oppretta fleire musikkskular. Dei best kjente elevane hans er Franz Danzi, Bernhard Anselm Weber, Carl Maria von Weber, Giacomo Meyerbeer og Johann Gänsbacher. Vogler var eun representant for mannheimerskulen og formulerte stilistikken i retninga i tidsskriftet Betrachtungen der Mannheimer Tonschule (Mannheim 1778–1781).
Vogler si musikkteoretiske tyding kjem hovudsakleg av at han brukte siffer til å skildra dei ulike harmonitrinna. I 1778 gav han ut systemet som Voglersche Tonkreis. Han fekk også tyding for moderniseringa av orgelbygginga, og finansierte med eigne private middel ombygginga av over tretti orgel over heile Europa. Han fekk til slutt økonomiske problem då kostnadane for utviklinga av eit nytt orkestrion løp løpsk.
Dei ulike prosjekta til Vogler var omstridde. Etter ei polemisk melding av hans Kurpfälzische Tonschule, raste det i fleire år ei lang personforfølging, hovudsakelig framført av nordtyske musikkteoretikarar – særleg Johann Nikolaus Forkel. I eit brev frå 1777 kalla Wolfgang Amadeus Mozart han ein person som «innbillar seg mykje, men kan lite». Også dette bidrog til eit stort sett negativt bilde av Vogler.
Verk i utvalg Komposisjonar 6 Klaviertrios op. 1 6 leichte Violinsonaten op. 3 6 Klavierkonzerte op. 5 6 Sonaten für Klavier und Violine, Cello ad libitum op.6 12 Divertissements für Klavier op. 7 4 Streichquartette (in f, As, F, Es) 6 Quartette für Flöte, Violine, Bratsche und Cello in (B, Es, F, D, A, C) Concerto Corno di caccia in F (1800) 4 Requiem in c, d, Es, e (ca 1770) Requiem med «Libera me» i g-moll (1776) Sørgemusikk for Ludvig XVI for orkester (1793) Castore e Polluce Ballettmusikk til ein komisk ballett Scenemusikk til Shakespeares Hamlet
Skrifter i utval Tonwissenschaft und Tonsetzkunst; Mannheim, 1776 Stimmbildungskunst; Mannheim, 1776 Kurpfälzische Tonschule; Mannheim, 1778 Gründe der Kurpfälzischen Tonschule in Beispielen; Mannheim, 1778 Organist-Schola; Stockholm, 1798 (Digitalisert) Systhême de simplification pour les orgues par l’abbé Vogler; 1798 Clavér-Schola; Stockholm 1798 Handbuch zur Harmonielehre und für den Generalbass; Praha, 1802 Die Scala oder personifizierte Stimmbildungs- und Singkunst, Text und Zergliederung; 1810 System für den Fugenbau; Offenbach, 1817
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Georg Joseph Vogler» frå , og «Georg Joseph Vogler» frå den 18. mai 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Oppføring om Georg Joseph Vogler på Zeno.org
Operaer og manuskripter av Georg Joseph Vogler i DFG-Opernprojekt
Robert Browning, Abt Vogler. Gedicht, 1864 (E-Text) Thomas Betzwieser, Silke Leopold (red.), Abbé Vogler – ein Mannheimer im europäischen Kontext. Internationales Colloquium Heidelberg 1999. (= Quellen und Studien zur Geschichte der Mannheimer Hofkapelle; Bd. 7). Lang, Frankfurt am Main u. a. 2003, ISBN 3-631-50095-5 Rüdiger Thomsen-Fürst, Art. «Vogler, Georg Joseph», i Die Musik in Geschichte und Gegenwart. Andre omarbeidede utgave, red. av Ludwig Finscher, Personenteil Bd. 17, Kassel u.a. 2007, sp. 176–183, ISBN 978-3-7618-1137-5
Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Kyrkjemusikkomponistar Kategori:Musikkteoretikarar Kategori:Tyske katolske prestar Kategori:Folk frå Würzburg Kategori:Operakomponistar Kategori:Tyske musikkteoretikarar